Back to All Events

Kunstutstilling: Kristen Holbø

Til sommaren kjem Kristen Holbø til fjellmuseet gjennom eit utval måleri frå fjellet. Holbø skildra fjellet med breie og fargesterke penselstrøk. Mange av motiva er henta frå Jotunheimen og fjella og bygdene rundt. Han var fødd i Vågå og hadde sterke band til heimbygda og fjellheimen gjennom livet sitt, og dette kjem tydeleg fram i kunsten hans. For fjellsenteret er det stas å kunne få syne fram arbeida til Holbø-målaren denne sommaren.

Utstillingsopning er 25. juni klokka 14. Alle er velkomne!

Earlier Event: June 11
Foredrag: Ryper før og nå