Rypa er eitt av symbola på den norske fjellheimen. Ho har vore viktig både i næringsdrift og sport. Bestanden i Sør-Noreg har gått nedover, og jakta blir stadig meir regulert. Kva er framtida for rypa?
Laurdag 11. juni klokka 19 inviterer Fjellmuseets venner til foredrag, spørsmål og diskusjon her på fjellsenteret. Innleiing ved Olav Hjeljord ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet.
Inngang vaksne kr 100. Enkel servering.
Arrangør: Fjellmuseets venner.
Arrangementet er støtta av Det kongelige norske vitenskapers forening.