Turtips frå oss til deg

Besøk fjellsenteret for å få turtips! Her gjev eit knippe lokalkjende fjellfolk gjev deg sine tips til fine turar i Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Nokre av turane er merka, andre må du leite deg fram til sjølv. Kanskje tek du turen du også?

 
 

Turkart for lom

På fjellsenteret får du turkart for Lom - heilt gratis! Kartet syner turar du kan gå frå Lom sentrum.

 
13575494_1617943575183904_1059075767_o.jpg

Kyrkja

Ingrid Kongsvoll frå Folkestad i Møre og Romsdal arbeidde som guide Klimapark 2469 sist sommar. Når ho ikkje guidar besøkande gjennom klimaparken og i istunnelen, tek ho seg gjerne ein fjelltur. I sommar var ho på Kyrkja - eit landemerke i området der det ragar høgt og fritt aust for Leirvatnet. 

 
13624962_10153523257966607_2072214502_n.jpg
 

Smithbua

Dagleg leiar for fjellsenteret og klimaparken, Mai Bakken, er dreven i fjellet og er på tur så snart ho kan. Besøka henna til Smithbue er mange og gjev både trening og god utsikt. Det er ingen løyndom at Mai er glad i nasjonalparkar, og kvar tur til Smithbue tek ho inn i Breheimen nasjonalpark.

 

Trolske Trollsteinhøe

For lokale er Reidar Marstein eit kjend namn. For alle andre kan vi kort fortelja at om ein legg saman all den tida Reidar har trakka rundt i fjella blir det fort milevis og månadsvis. I tillegg til å vera fjellfant var han også mannen som i september 2006 fann noregshistoria si eldste sko, om lag 3400 år gamal. Uansett - Reidar vil anbefale turen til Trollsteinhøe og området rundt, i Jotunheimen.

 
Inn i breen_KSV.jpg
 

Læshøe og eventyrisen

Kari Sveen er nasjonalparkforvaltar for Jotunheimen. Ho tek gjerne turen opp frå Lom sentrum til Nonshaugen og Læshøe, men ho anbefaler også ein tur til Eventyrisen i Svellnosbreen.