Kyrkja (2032), jotunheimen


Ingrid Kongsvoll frå Folkestad i Møre og Romsdal arbeider som guide i Klimapark 2469. Når ho ikkje guidar besøkande gjennom klimaparken og i istunnelen, tek ho seg gjerne ein fjelltur. For ikkje mange dagar sidan var ho på tur til Kyrkja i Jotunheimen. Fjellet er eit landemerke i området der det ragar høgt og fritt aust for Leirvatnet. 

Dette seier Ingrid om turen:
- Frå Leirvassbu følgjer du grusvegen sørover langs Leirvatnet før du tek av til venstre på ein tydeleg stig. Leirvassbu og Leirdalen er eit flott turmål i seg sjølv og eit godt utgangspunkt for mange og varierte turar i Jotunheimen. Du ser toppen av Kyrkja heile tida på veg opp og difor er det lett å finne riktig veg. Turen er variert både med tanke på terreng og vegetasjon.
- Toppen ser veldig bratt ut, korleis er turen opp?
- Siste del av turen byr på noko luftig klyving, men familiar med barn tek seg dit fint. Ein må likevel ta omsyn til at det kan vera litt bratt og smalt mot slutten av turen om ein kvir seg for slikt terreng. På toppen ventar eit vakkert skode utover fjellheimen og spisse tindar. 
- Kva bør ein ellers halde augo opne for på turen?
- Geologisk er toppen ei oppleving i seg sjølv med stor forekomst av raudberg og fyrst på sommaren blomstrar både raudsildra og fjellsmella her på over 2000 meter over havet. Kyrkja er ein flott dagstur eg kan anbefale på det varmaste, seier Ingrid.

Kart