Visste du at over halvparten av alle verdas brearkeologiske funn er gjort i Innlandet? Minst 4500 skattar frå forfedrane våre har isen teke vare på – i fleire tusen år – og no smelter den i rekordfart.
Kvar haust går arkeologane i “Secrets of the Ice” i fjellet i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen for å leite etter gjenstandar som smelter ut av isen. Mange av dei ferske funna kan du sjå i "ferskvaredisken" på Norsk fjellsenter. Her har vi blant anna dyretenner og gevir, pilar med både spiss og surring, skremmepinnar, hestesko og vidjespenning.
Onsdag 13. november kjem brearkeologar frå Innlandet fylkeskommune og Kulturhistorisk museum til Lom for å gå gjennom ferskvaredisken og gjenstandane frå årets leiteaksjon, før dei blir frakta til KHM Oslo for konservering. Dette håpar vi at du vil vere med på! Arkeologane viser bilder frå sesongen, fortel om nye erfaringar frå felt og om dei unike funna frå fjella rundt oss.
Frokostservering frå kl. 09.00.
Fagleg program frå kl. 09.30 til 10.30.
Påmelding er obligatorisk, slik at vi får nok mat til alle.
Påmelding seinast innan måndag 11. november på sms til Thea på mobilnr. 906 56 326.
Arrangementet er gratis.
Arrangementet er eit samarbeid med Innlandet fylkeskommune, Kulturhistorisk museum og Secrets of the Ice.
Adresse: Norsk fjellsenter, Brubakken 2, 2686 Lom