Back to All Events

Tenn bål med flint og eldstål!

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Skulle vikingane ha eld, måtte dei greie seg med stein, eldstål og heimlaga knusk. Denne dagen kan du lære deg kunsten å få fyr med dei enkle reiskapa. Får du det til?

Det er funne mange spor etter vikingane i fjella kring Lom. Ei heil vikinggrav, Noreg sin einaste vikingvott og eit heilt spyd. Du får bli med inn i utstillinga og sjå 100 kule funn frå isen i fjella.

Oppmøtetider:
Kl. 11, kl. 13 og kl. 15. Møt opp ved vikingteltet utanfor Norsk fjellsenter. Opplegget varar rundt ein time.

Nedre aldersgrense: 7 år

Arrangementet er gratis for alle som har museumsbillett til Norsk fjellsenter.

Earlier Event: July 14
Bli med på ei runde hnefatafl
Later Event: September 30
HAUSTFERIE PÅ NORSK FJELLSENTER