Back to All Events

FOREDRAG // Det umoglege fjellet

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

I februar 2021 greidde ti klatrar frå Nepal «det siste umoglege» i Himalaya: å bestige verdas nest høgaste fjell, K2 (8612 moh.), midt på vinteren. Brørne Dawa Tenjin og Kilu Pemba Sherpa var to av dei. Torsdag 11. august kan du møte dei to på Norsk fjellsenter i Lom.

For fyrste gong i Noreg kan du høyre dei fortelja om og syne fram bilde frå leiren som blåste bort, stupbratt klatring i minus 50-60 gradar og korleis det vart å synge den nepalske nasjonalsongen medan dei gjekk arm i arm opp på den ugjestmilde toppen i Pakistan medan sola steig fram over heimlandet deira langt borte i aust.

Om somrane arbeider dei to råe fjellklatrarane som guidar i Jotunheimen frå båe Leirvassbu og Juvasshytta

Brørnes onkel, Dawa Chhiri Sherpa og hans «bror», den norske Himalaya-veteranen og forfattaren Jon Gangdal, leier kvelden. Dei fortel om sherpa-folkets historie og kva velmeint vestleg velstand skapar av utfordringar for dei og deira religiøse tro som er forankra i den tibetanske buddhismen.

Forfattaren av den ferske boka HØYDE OVER HAVET, Sveinung Engeland, innleier kvelden med å fortelje om kampen om Noreg sitt høgaste fjell. Kampen sto heilt fram til 1984 mellom Galdhøpiggen og Glittertind, og kvar fyrstnemnde vann – takka vere is og snø som forsvann.

Det blir også innlegg frå Kjell Fjeld.

Kvelden blir runda av med sherpadans med høve til å deltaka for dei som er van med å stokke beina i taktfaste steg.

Dørene opnar klokka 18.00.

Inngang: 100,- Sal av billettar på nett og i kassa på Norsk fjellsenter.

Overskotet frå kvelden skal gå til eit utviklingsporsjekt i den lille landsbyen der sherpaene kjem frå, Rikhu.

Foto: K2 Winter Expedition 2021