Back to All Events

Korleis går det med naturen i Noreg?

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Kan vi fortsette å sjå på norsk natur som eit utømmeleg fellesgode? Held det med ein halv million hytter, eller bør vi bygge for alle som vil ha? Skal vi verne meir natur, eller bygge ut til berekraftig strømproduksjon? Er det berre positivt å verne natur som nasjonalpark, eller gir det meir slitasje på sårbare område? Kva skjer med landskapet etterkvart som landbruket legg om? Burde vi styre utviklinga over norsk natur meir?

Dilemmaa og interessene i norsk natur er mange. Denne kvelden kjem forskar Anders Bryn frå Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo og NIBIO (Ås) og gir oss innsyn i aktuelle problemstillingar kring norsk natur. Bryn forskar på koplingar mellom økosystema og klimasystemet, tre- og skoggrenser, korleis landskap endrar seg og korleis vi forvaltar naturen. Han har følgt utviklinga i den norske naturen gjennom to tiår, og trivst aller best når han kan vere på hytta i Bøverdalen. Bryn vart kåra til beste forelesar i Bio-fag i 2016 og vann Forskarforbundet sin Hjernekraftpris for 2019. Bryn har god oversikt over andre vitskaplege studiar som kan seie noko om kva retning Noreg er på veg i. For kva er eigentleg det beste vi kan gjere for norsk natur? Publikum inviterast med i debatten.

FOTO: Anders Bryn

Earlier Event: October 2
Familiedag!