Back to All Events

Forskingsekspedisjonar til Jotunheimen 1970-2018

I heile 47 somrar har John Matthews, professor emeritus i fysisk geografi ved Swansea University i Storbritannia, undersøkt naturmiljøet i Jotunheimen frå ei base i Leirdalen.

Denne kvelden fortel han om studiane av landskapsendringane etter siste istid. Dette inkluderer undersøkingar av isbrear, mellom anna Storbrean, og klima, morenar, jordskred og økosystem, saman med dei ulike dateringsteknikkane som har vorte nytta til å fastslå når endringane skjedde. Eit spesielt fokus under ekspedisjonane har vore å undersøke dei brenære områda – områda som var dekka av isbrear under ’den vesle istida’ på midten av 1700-talet. Eit anna hovudfokus har vore dei langsiktige endringane som har påverka fjellområda sidan den siste innlandsisen smelta bort frå Jotunheimen for rundt 10.000 år sidan.

Velkommen til foredrag! Kaffi og Gjendekjeks. 

Inngang: 100,-

Earlier Event: March 21
Skoggrensa i endring
Later Event: May 9
Lomsløftet