Skrantesjuke (CWD) hjå villrein: Kva veit vi om sjukdommen og kva kan vi gjere for å stoppe den?
Foredrag med Bjørnar Ytrehus, Norsk institutt for naturforskning på Norsk fjellsenter i Lom fredag 18. august klokka 18-20.
Bjørnar Ytrehus er spesialist innan vilthelse og er en av dei som kan mest om skrantesjuke her i landet. Pr i dag er det oppdaga seks tilfelle av skrantesjuke på hjortevilt i Noreg. Fire av dei er på villrein i Nordfjella. Det er derfor bestemt at ein skal skyte ned denne stamma. I Nord-Amerika har sjukdommen eksistert i fleire tiår. Sjukdommen liknar på skrapesjuke hjå sau og kugalskap (BSE) hjå storfe.
Billettar:
Gratis inngang, kaffi og biteti. Avgrensa tal på plassar – utdeling av billettar frå kl 17.30.
Arrangør er Villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen