Det historiske fjellfisket er fortsatt i søkeljoset ved Tesse. Denne veke undersøker arkeologar frå Oppland fylkeskommune og Norsk Maritimt Museum ei nausttuft ved Nordre Byrtnes. Bygningen ligg under tjukke sand- og gruslag og vart kanskje dekt til av Stor-Ofsen i 1789. Arkeologane har vore spente på kva som kan skjule seg her, og byrjar nå å få svar. Laurdag 9. juli inviterer dei alle interesserte til å ta ein tur innom utgravinga. Dette er den siste dagen i utgravninga, og det kan bli ei god stund til neste moglegheit for å sjå dette spennande kulturminnet med eigne augo. Velkomen!