Ut i november nærmar det seg jul og ølbrygging for mange. Bli inspirert av Lom bryggeri og Hans Olav Bråtå på fjellsenteret denne kvelden!
Lom bryggeri lagar øl basert på lokale ingrediensar, og har ei målsetting om å skape eit ølspekter med så stor lokal tilknyting som mogleg. Distriktet vårt har lange tradisjonar knytt il brygging av øl, og Lom bryggeri tek dette vidare mellom anna i Høgruteølet, Raudt og Eine.
Denne kvelden kjem også forskar ved Østlandsforskning og ølentusiast Hans Olav Bråtå. Han bidreg med historie og forsking kring ølbrygging i norske fjellbygder.
Dørene opnar klokka 19. Inngang 150,-.
NB! Vi har plass til 75 personar. Påmelding til fjellsenteret på 61 21 16 00, post@norskfjellsenter.no, eventuelt sms til 971 80 469.