Søknadsfrist 1. september 2024

Oppstart seinast 2. januar 2025

Kontakt dagleg leiar Mai Bakken ved spørsmål: 971 80 469

Les meir om Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 www.norskfjellsenter.no og www.klimapark2469.no  

Søknad med CV og referansar sendast til: mai@norskfjellsenter.no


Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 lyser ut to stillingar for ei prosjektperiode på 3 år med moglegheit for forlenging

Er du interessert i kva som skjer av endringar med klima og natur i høgfjellet? Har du drøymt om å arbeide med desse fagfelta? Vil du vere med på å realisere prosjekt Fjellviten? Kunne du tenkje deg å bu i fjellbygda Lom?

· Vi treng ein som får ansvar for å etablere digitale plattformar, med innhald frå forsking på endring av klima og natur i høgfjellet. Data skal overførast i sanntid og brukast i formidlingssamanheng.

· Vi treng ein formidlar med klima- og naturkompetanse. Forskingsdata skal omsetjast til formidling på ulike nivå.

Om stillingane

Gjennom prosjekt Fjellviten skal vi legge til rette for at den tverrfaglege forskinga på endringar av klima og natur i høgfjellet blir vidareutvikla, overført i sanntid, digitalisert og formidla. På sikt drøymer vi om at dette skal gje endringskompetanse.

Stillingane skal vere med på å vidareutvikle Norsk fjellsenter og prosjekt Fjellviten. Gjennom prosjektet skal vi ta nye steg innan forskingsformidling, nå nye målgrupper, tydeleggjera vår rolle som lærings- og opplevingsarena knytt til klima- og naturendringar i høgfjellet. 

Høgfjellsformidlar

Du må ha relevant fagleg undervisningskompetanse på vidaregåande eller høgskulenivå. Du må ha evne til å omsetja forskingsdata til spennande læringsaktivitetar både på nett og på fysiske arenaer. Du må ha interesse for kreativ og utforskande læring. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.


Interaksjonsdesignar med interesse for formidling av klima og natur

Du må kunne bygge opp ein ny digital formidlingsplattform med data frå høgfjellet. Du må ha erfaring med ide- og konseptutvikling. Du må ha evne til å utvikle digitale løysingar med fokus på gode brukaropplevingar. Du må ha evne til å visualisere forskingsdata.

Vi tilbyr

·         Kreativt, handlekraftig, fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø

·         Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver

·         Samarbeid med leiande forskarnettverk og dyktige kollegaer

·         Høg grad av sjølvstende i arbeidsoppgåvene

·         Lønn etter avtale og god pensjonsordning

·         Kontorplass på Norsk fjellsenter i Lom

·         Bistand og lokalkunnskap til å finne husvere

·         Vi er eit team som arbeider med fleire forskjellige arbeidsoppgåvar gjennom eit år. Du må også kunne bidra til å løyse daglege driftsoppgåver.