Fram frå gamle og nye fotografi stig endringane av landskapet i fjellheimen klårt fram for oss. Landskapsgeograf Oskar Puschmann har refotografert gamle bilde frå Jotunheimen og Sjodalen frå akkurat same vinkel. Denne kvelden syner han fram resultatet av to prosjekt han har arbeida med: I Axel Lindahls fotspor gjennom Jotunheimen og Sjodalen – en seterdal i endring gjennom 50 år. Arrangerast i samarbeid med Lom heimbygdslag. Inngang 100 kronar.
Foto frå Sjodalen (t.v.): Arthur Sand, Universitetet i Oslo Og Oskar Puschmann, NIBIO.
Foto frå Jotunheimen (t.h.): Axel Lindahl, Norsk Folkemuseum og Oskar Puschmann, NIBIO.
I Axel Lindahls fotospor gjennom Jotunheimen.
I 1886 fotograferte den svenske fotografen Axel Lindahl og hans assistent Axel Lundin, Jotunheimen, nærmast frå A til Å. Turen starta den 31. juli på Røisheim og ende nokre veker seinare i Vettisgjelet i Årdal. Lindahl publiserte 86 bilde frå både Ottadalen, Bøverdalen og Jotunheimen – bilde av ein fantastisk kvalitet. Oskar Puschmann har i ei årrekkje fylgt i Axel Lindahls fotospor, og har refotografert vel 600 av Lindahls totalt 3200 bilde frå Noreg. Puschmann tek oss med på Axel Lindahl si reise gjennom Jotunheimen, og vi får sjå korleis både turistar og turiststasjonar har utvikla seg frå 1886 til i dag.
Sjodalen – ei seterdal i endring gjennom 50 år.
I 1960-åra var det ei storstilt vassdragsutbygging i Noreg, men og ein gryande tanke om at nokre vassdrag måtte få varig vern. I 1969 fekk difor Institutt for folkelivsgransking ved Universitetet i Oslo, i oppdrag å registrere seterlandskapets kulturverdiar i Sjodalen. Prosjektet fekk eigen fotograf, Arthur Sand, som sommaren 1969 tok over 700 bilde frå Sjodalen. I år er det 50 år sidan dette pionerprosjektet blei til, og i det høve har seterhistorikar Kari Stensgaard og landskapsgeograf Oskar Puschmann (NIBIO), refotografert ei rekke av Arthur Sands landskapsbilde frå 1969. I dette foredraget syner Puschmann kva endringar som har hend i Sjodalen på desse 50 åra, og vi får eksemplar på både godt bygningsvern og vedlikehald, men og om gjengroing og forfall.