For lokale er Reidar Marstein eit kjend namn. For alle andre kan vi kort fortelja at om ein legg saman all den tida Reidar har trakka rundt i fjella blir det fort milevis og månadsvis. I tillegg til å vera fjellfant var han også mannen som i september 2006 fann noregshistoria si eldste sko, frå bronsealderen, om lag 3400 år gamal (det kan du sjå meir om her). Uansett - Reidar vil anbefale turen til Trollsteinhøe og området rundt, i Jotunheimen. Slik skildrar han turen:

Denne turen gjer eg minst ein gong kvar sumar, og opplevingane er like store kvar gong.

Frå bommen i Veodalen, som òg er grensa til Jotunheimen nasjonalpark, startar ein turen med å fylgje bilvegen fram til Bergenusstjønne. Frå her skrår ein nord-vestover i lett terreng fram til inngangen av Trollsteinkvølven. Her ser ein fort prektige fjellparti med mange 2000-meterstoppar.

I dette området treffer ein ofte på tamrein frå Lom tamreinlag som beiter på det saftfulle beitet. Ein fylgjer i lett terreng på nordsida av botn på Trollsteinkvølven, fram til oppstigninga til Øvre Trollsteintjønne.

Her er det bratt oppover, men reinen har eit fast tråkk som er greitt å fylgje. Frå osen på tjønne er det greitt å fylgje eit lite dalsøkk innover, og opp til dei store flyene som Trollsteinområdet består av. Ein må stadig snu seg og sjå på den fantastiske utsikta som berre blir sterkare til kvar tid. Snart ser ein ned på den flotte, grøne Trollsteintjønne med breen som går ned i vatnet i den sør/vestlege kanten, og i dalbotnen bak ligg den leirsup-liknande Nedre Trollsteintjønne i sterk kontrast.

Det er lett terreng vestover mot Smiugjelsbreen. På sørsida her er det to toppar, Gråhøe og Steinhøe, med ei eventyrleg utsikt. Her ser ein veldige fjellmassiv, som teiknar klare liner mot himmelblåna`n, og botnar og brear med sildrande småbekkar. Omlag 400 høgdemeter nede ser ein Nedre Trollsteintjønne, og bak ligg Grjotbreahesten, og Grjotbrean med Dronninge og Trollsteinegge. Bak det heile ligg Glittertind med nordveggen rett ned i breen.

På attendeturen er det greitt å få med seg toppen, som på kartet er kalla Austre Trollsteinhøe, det rette namnet er eigentleg Finnshalsnobbe. Her stupar fjellveggen seg fleire hundre meter rett ned i breen. I eit søkk på sørsida her får ein eit fint fotomotiv med fjellveggen som rame.

Det er greiast å fylgje same vegen nedover att mot bilen, som den ein brukte innover.

Det er ikkje mange stader ein møter så sterk og mektig natur som på denne turen. Eg går ofte einsleg på fjellturar, og i slik natur som her føler ein seg ofte liten, men likevel stor som kan oppleva slik.